← Astuces rando
Skal du på dans i sommar, så stikk nå opp på Dansarsalen i Krokan å øv deg! Eg er sikker på Stein Torleif Bjella skreiv feil navn på låten sin om «Sundreberget» .. skulle nok ha vøre «Dansarsalen». Det er her historikken, romantikken og sikkert festplassen var i gamal tid. Vekk frå mor og far. Oppe i høgda, med utsikt heim. Denne turen er ikkje lang. Snaue 2 km opp og ned. Men, bratt nok. Det er og mykje vindfall i skogen nederst, samt høgt gras. Så, noko tungvind start. Men, blir veldig mykje bedre etter nokon hundre meter. Om du vil kan du og gå vidare opp Krokanklyvet mot Karlstaul og Gøysen på Skorve.
Hans Inge