← Astuces rando
Det er meir til Seljordsheii (mot Åsgrend), enn Årnoteren. Bakom finn ein flotte skogsparti med små kullar, åsar og nutar over alt. Grønlidnuten, Grønliholet, Stålås og Raudbekknuten på 658,5 moh. Veldig flott natur. Stille og fredleg. Og, er du heldig, ser du ein hjort og ein storfugl, som eg gjorde i dag. Hit er det ikkje så mange stiar, men mykje frigåing i lyng og myr er au moro. Utsikten mot Skorve, Lifjell, Bjørgefjell og baketter mot Brokefjell er veldig bra. Og moro å sjå mellom greiner og trekroner. Det gjev mykje meir perspektiv på det. Her gjeng su så langt og lenge du gidder. Denne turen var på 8 km og tok 3 timar.
Hans Inge