Story 09
Camping
Turar rett frå Seljord Camping
Seljord Camping ligg ved Bjørge, der bygda møter vatnet og Bjørgefjell reiser seg rett bak. Her er turane bratte og korte — du er oppe i lia på ein halvtime, og utsikta over Seljord opnar seg med ein gong. Gjetargrotta gøymer dessutan ei lita soge for dei som leitar.
Camping
Bjørge, Seljord
Fantastisk flott og nær natur med stille skog og god utsikt over Seljordvatnet, Sinnesodden og mot Brøløs. Denne turen gjeng på sydlege stigar av Rundløypa, som er laga i Bjørgelia. Nydeleg å oppleve slik skog. Det er noko bratt frå starten om du velger å gå frå krysset ned mot Seljord Camping. Litt lettare om du gjeng fra Bjørge besøksgard, altså motsatt veg. Turen er på 3-4 km med ei stigning på omkring 300 meter.
Sjå turenCamping
Bjørge, Seljord
Bjørgelian – ein lun og lett rundtur i kulturlandskap og skog Nordigard Bjørge har tilrettelagt ein flott rundtur oppe i lia bak garden, kjent som Bjørgelian. Her får du ein stemningsfull tur gjennom vekselvis kulturlandskap, lauvskog og åpen furuskog, med fleire fine utkikspunkt undervegs. Dette er ein tur som passar for dei fleste – både familiar, mosjonistar og dei som vil ha ein roleg ettermiddagstur.
Sjå turenCamping
Bjørge, Seljord
Dette er ein fin tur for deg om har litt eventyrfølelsar i blodet. Du kan gå opp fra Nordigard Bjørge på to måtar. Turen er kort, men ganske bratt. Det er litt klatring, også. Spennande tur i trollsk landskap.
Sjå turenVil du ha meir?
Bjørge er campingen for dei som vil ha kort veg til både butikk og fjell. Lia bak teltet er full av stiar — du finn alltid ein ny veg opp.
← Alle stories