Bjørgestigen, 896 stigningsmeter.
Ja, det er bratt. Det er voldsomt bratt til tider. Men, det er også så mykje detaljar. Flotte stiar, planter, dyr og lydar, gjer at du nesten gløymer å bli sliten. Men, du blir det nok. Om du tek turen heilt til toppen av Bjørgefjell på 875 moh. Frå den nye, store parkeringa, på nedsida vegen for Bjørge Besøksgard, er det nesten 900 høgdemeter totalt og over 10 km. Opp og ned, att. Dette området gjev ein utruleg oversikt over Seljord sentrum. Mange gode utkikkspunkt, på dei fine berga. Det å sjå ned på sentrum, igjennom greinar med barnåler og lauv, er moro. Det gjev ein nær følelse. Dette er nok den mest krevande turen til Bjørgenuten. Du kan gå frå baksida, ved Reinstaul-parkeringa, om du vil opp på ein litt enklare måte. Eller, så kan du ta ein tur oppover Borkebudalen, for så å gå opp på den tredje nuten ved Raudjuv. Og følge toppane bortover. Mange måtar. Nokon likar og å gå frigange. Det burde du ikkje gjere for mykje av på Bjørgefjell. For det er bratt over kanten, på framsida. Du kan gå deg fast, om du ikkje er kjent. Uansett, her er det nydeleg å vandre i skogen, på kullar og berg. God tur.