Story 01
Høgfjell
Der fjella er størst i Seljord
Brattefjell reiser seg 1540 meter over havet og dominerer horisonten slik det alltid har gjort. Her er lufta tynnare, vinden skarpare og utsikten vidare enn nokon stad i Telemark. Desse turane tek deg heilt opp.
Høgfjell
Småtjønn, Seljord
Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde ligg i eit fjellområde sud-aust for Møsvatn i Telemark. Namnet skriv seg frå dei to fjella Brattefjell(1540 moh) og Vindeggen(1516 moh) som ligg i kjerna av fjellområdet. Samla areal er snaut 382 kvadratkilometer. Området er i privat eige fordelt på 299 eigedomar. Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde blei oppretta i 2000.
Sjå turenHøgfjell
Kivledalen, Seljord
I dette området finn du både flotte turar og mykje interessant historie. Frå Seljord sentrum køyrer du opp Kivledalen, der du kan sjå Kivlemøyane i fjellsida på Skorve. Sagnet fortel om presten som mana tre ungjenter i stein, fordi dei forstyrra messa med song og spel. Det er sett opp eit «kikkeskåp» på vegen opp, der du kan høyre historia og feleslåtten på mobil. et er godt merka stig til toppen, Gøysen, 1369 m.o.h.
Sjå turenHøgfjell
Vindeggen, Hjartdal
Blåfjell. Inn i Hjartdals del av verneområdet i Vindeggen. In to the wild. Og inn i det vakre. Dette er eit av dei finste områda, eg har sett. Blåfjell sør for sjølve Vindeggen, ligg der som eit naturpradis. Om ein óg vil ha underhaldning med Gaustatoppen og Brattefjell i synet, så har ein det heile tida her. Majestetisk skue. Men, det er langt hit om ein gjeng frå Breivatn. Opp Vikedal, forbi Lauvhaug. 12.5 km på sti, i myr og på berg.
Sjå turenVil du ha meir?
Høgfjellet i Seljord er ikkje berre ein destinasjon — det er ein tilstand. Når du kjem tilbake ned att, ser du dalane med nye augo.
← Alle stories