Story 01

Høgfjell

Over tregrensa

Der fjella er størst i Seljord

Brattefjell reiser seg 1540 meter over havet og dominerer horisonten slik det alltid har gjort. Her er lufta tynnare, vinden skarpare og utsikten vidare enn nokon stad i Telemark. Desse turane tek deg heilt opp.

21 km Avstand
1540 moh Høgaste punkt
8-10 t Tidsestimat
6/8 Vanskegrad

Høgfjell

Brattefjell 18-L2/3

Småtjønn, Seljord

Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde ligg i eit fjellområde sud-aust for Møsvatn i Telemark. Namnet skriv seg frå dei to fjella Brattefjell(1540 moh) og Vindeggen(1516 moh) som ligg i kjerna av fjellområdet. Samla areal er snaut 382 kvadratkilometer. Området er i privat eige fordelt på 299 eigedomar. Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde blei oppretta i 2000.

Sjå turen
15 km Avstand
1369 moh Høgaste punkt
6-7 t Tidsestimat
5/8 Vanskegrad

Høgfjell

Skorve 18-L1/3

Kivledalen, Seljord

I dette området finn du både flotte turar og mykje interessant historie. Frå Seljord sentrum køyrer du opp Kivledalen, der du kan sjå Kivlemøyane i fjellsida på Skorve. Sagnet fortel om presten som mana tre ungjenter i stein, fordi dei forstyrra messa med song og spel. Det er sett opp eit «kikkeskåp» på vegen opp, der du kan høyre historia og feleslåtten på mobil. et er godt merka stig til toppen, Gøysen, 1369 m.o.h.

Sjå turen
25 km Avstand
1183 moh Høgaste punkt
6-7 t Tidsestimat
6/8 Vanskegrad

Høgfjell

Blåfjell

Vindeggen, Hjartdal

Blåfjell. Inn i Hjartdals del av verneområdet i Vindeggen. In to the wild. Og inn i det vakre. Dette er eit av dei finste områda, eg har sett. Blåfjell sør for sjølve Vindeggen, ligg der som eit naturpradis. Om ein óg vil ha underhaldning med Gaustatoppen og Brattefjell i synet, så har ein det heile tida her. Majestetisk skue. Men, det er langt hit om ein gjeng frå Breivatn. Opp Vikedal, forbi Lauvhaug. 12.5 km på sti, i myr og på berg.

Sjå turen

Vil du ha meir?

Kortare turar i same område

Turtips Hattefjell i januar. Tur prega av varme, våt sno og skødde. Uansett, er det fint på Hattefjell. Det …
Turtips Torsnut bakom Bindingsnuten
Turtips Ein av pærlene i nærmiljøet her, er Raudbergnuten
— slutt —

Høgfjellet i Seljord er ikkje berre ein destinasjon — det er ein tilstand. Når du kjem tilbake ned att, ser du dalane med nye augo.

← Alle stories