Bosnuten
Vêrvarsel
Hentar vêrdata…
Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)
Kart og rute
S Start
M Mål
▲ Høgaste punkt
▼ Lågaste punkt
km Hovudrute
km Alternativ rute
↕ m Stigning
Om turen
På langtur oppetter Lifjell. Ikkje Lifjell mot Bø. Men, Lifjell mot Bosnuten. Det er ein fantastisk tur, inn og ut av Seljord og Vinje. Utsikt mot Møssvatn og Rauland på den eine sida og Sandsetvatnet og Brattefjell/Vindeggen med alle toppane, på den andre. Og langt borti der ligg Gaustatoppen. Det var 18-20 varmegrader og litt vind. Turen startar frå Sudbø. Heilt nede ved parkeringen. Deretter, gjeng ein oppover vegen til brua nede i elvesøkket. Der startar Lifjellvegen (sti). Det er mange toppar og ta for seg oppetter. Skarbufjell, Flognutan og Lifjell (1314 moh). Derfrå gjeng ein til Fentnuten og bortetter til Valatjønnut før ein endar opp på Bosnuten (1431 moh). Dette er ein lang tur på nesten 23 km. (Derav 6 km på vegen til Sandsetvatnet). Totalt 1003 høgde meter å bestige. Vanvittig flott natur i dette området. Moro å gå til Raudland, au. Kikka ned på Kråkeroe.
Bilete (7)
1 / 7
Praktisk info
- Retning
- tur-retur
- Sesong
- Sommar
- Stigkvalitet
- 3/5
- Einsemd
- 7/5
Har du gode turtips?
Vinje
Telemark
fintur.no
Telemark
fintur.no