Brakandalsfjellet
Bomveg
Vegen har bom og du må få tak i nøkkel til bommen av veglaget.
Værvarsel
Hentar vêrdata…
Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)
Kart og rute
S Start
M Mål
▲ Høyeste punkt
▼ Laveste punkt
km Hovedrute
↕ m Stigning
Om turen
Sykkel frå Bommen og opp. Så klatring og frigåing til toppen. Vanvittig hardt. Pæs. Brakandalsfjellet (944 moh) er ei litt gøymt perle med start rett på utsida grensa ved Trollbøtn mot Kilen. Dette er ein komplisert tur på mange måtar. Fyrst er det låst bomveg. Så, er det frigåing uten sti eller merke. Har du sykkel, så er det lettare sjølv om det er god stigning opp Lindalen til Brakandalen (ca 10 km). Som så mange har sett, (Om du ser over vatnet når du køyrer ned Kviteseidkleivan frå Vrådal med bil) er det bratt opp til toppen. Svaberg, viur og grisgrente dalføre. Eg gjekk opp til Bystigtjønni (fant ein gamal tilgrodd ferdselsveg langs vegen) og baksida opp. På toppen er det flat og fint. Kan nesten minne om «Uluru» fjellet i Australia. Vanskeleg å koma opp, men enkelt på toppen. Eg gjekk frampå og fekk strålande utsikt utover Kviteseid med Spjotsodd og Bykkøy sentralt i synet. Og med vakre Roholtfjellet, stikkende opp i skyene. Heimatt, gjekk eg ned skaret Rapen. Ja, det gjeng ann å gå opp og ned her. Men, det vil eg absolutt ikkje anbefale! Turen tok 5-6 timar og total lenge på 27 km med høgde stigning på over 1000 meter. Fottur på 7,5 km.
Bilder (9)
1 / 9
Praktisk info
- Retning
- tur-retur
- Sesong
- Sommer
- Stigkvalitet
- 3/5
- Ensomhet
- 6/5
Har du gode turetips?
Kviteseid
Telemark
fintur.no
Telemark
fintur.no