Kroktjønn
T
Værvarsel
Hentar vêrdata…
Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)
Kart og rute
S Start
M Mål
▲ Høyeste punkt
▼ Laveste punkt
km Hovedrute
↕ m Stigning
Om turen
Havretjønn og Kroktjønn, på Seljordsheii, er fantastiske nærturmål. Bare 1,6 km frå Raudkleiv, så er du på Havretjønn. Lett å gå på gode stiar. Noko myr må ein liste seg utom, men det burde gå fint for dei fleste. Her startar den gode følelsen av villmark, med stillhet og skogsduft. Fine plassar langs tjønna. Gjeng du vidare og rundar nedre del og følger merka, så tek stien deg til Kroktjønn. Ei større tjønn 3,5 km inne. Her er det og vakkert med utsikt gjennom skogen mot Brokefjell og mot Skorve. Ser og ein snyt av Lifjell mellom gran- og furutrea. Er du heldig gjeng du på ein storfugl som sit å trykker eller hører drønnet av ein elg i skogkanten. Inne ved Kroktjønn finn du og Alovshelleren - eit bergoverheng å sitte under. Tenker meg kor mange som har site her opp igjennom åra. Tjønnane ligg på omlag 550 moh. Vil du vidare så gjeng denne stien heilt til Trollbotn via Øvsttveiten. Denne turen blei på 7,5 km og tok rundt 2 timar. Ein treng ikkje langt for å oppleve flotte område. Ikkje høgt heller
Bilder (15)
1 / 15
Turbilder (1)
Praktisk info
- Retning
- tur-retur
- Sesong
- Sommer
- Stigkvalitet
- 3/5
- Ensomhet
- 3/5
Har du gode turetips?
Seljord
Telemark
fintur.no
Telemark
fintur.no