Sinuberg
Værvarsel
Hentar vêrdata…
Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)
Kart og rute
S Start
M Mål
▲ Høyeste punkt
▼ Laveste punkt
km Hovedrute
km Alternativ rute
↕ m Stigning
Om turen
Sinuberg – bratt tur i Kivledalen
Med god hjelp frå lokalkjente fjellgeiter – Olav, Sigrunn og Gunhild – fekk eg oppleve ein uvanleg vakker og tradisjonsrik tur til Sinuberg, oppe i liane under Skorve.
Turen startar frå vegen i Kivledalen, der det no er rydda og tilrettelagt fleire av dei gamle ferdselsvegane. Ruta følgjer stien oppover til Langeberg, vidare til Nordigardsfjellet, og deretter mot Sinubergskøri. Herifrå går det bratt opp til Sinuberg, ei slette under fjellveggen ved Såvestaulnuten.
Dette er ein tur på om lag 2 km, men med ein stigning på rundt 350 høgdemeter. Det er bratt og brysamt – ikkje ein tur for kven som helst – men ei kraftfull og ekte oppleving for dei som tek utfordringa.
Undervegs går du på gamle gardsvegar, brukt i tidlegare tider for å hente heim høy frå slåttemarkene høgt oppe i liene. Løypestrengene – dei gamle ståltaua som frakta høyet – ligg der den dag i dag, som stille vitne frå ei anna tid.
På sletta ved Sinuberg får du flott utsikt ned mot Kivledalen, over til Skuggefjell og vidare mot Tjønnstaul. Dette er ei turperle med både natur, historie og lokal identitet i kvar ein stein og sti.
Ein stor takk til følgjet – og til Kivledalen for raus natur og rause folk!

Bilder (3)
1 / 3
Turbilder (5)
1 / 5
Praktisk info
- Retning
- tur-retur
- Sesong
- Sommer
- Stigkvalitet
- 3/5
- Ensomhet
- 6/5
Har du gode turetips?
Seljord
Telemark
fintur.no
Telemark
fintur.no