Skorve 18-L1/3

Kivledalen, Seljord · 15 km · 1369 moh · 59.50027°N, 8.60617°E
FINTUR
← Turar
Skorve 18-L1/3

Skorve 18-L1/3

Kivledalen, Seljord

↗ 15 km
⏱ 6-7 t
▲ 1369 moh
◆ 5/8
ToppturLangturDagsturRundturOrganiserteFottur

Vêrvarsel

Hentar vêrdata…

Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)

Kart og rute

3D
S Start M Mål Høgaste punkt Lågaste punkt km Hovudrute ↕ m Stigning

Om turen

Total stigning: 1147 m

Beskrivelse:
Kivledalen - Gøysen - Nordnibba - Amerikanske flyvraket - Kivledalen.

Video (4)

Gøysen - turen opp

Gøysen - toppen

Nordnibba - toppen

Amerikansk flyvrak

Turforteljing

«Skorvefjell» av Peder Lindhjem

«Skorvefjell» av Peder Lindhjem

I dette området finn du både flotte turar og mykje interessant historie. Frå Seljord sentrum køyrer du opp Kivledalen, der du kan sjå Kivlemøyane i fjellsida på Skorve. Sagnet fortel om presten som mana tre ungjenter i stein, fordi dei forstyrra messa med song og spel. Det er sett opp eit «kikkeskåp» på vegen opp, der du kan høyre historia og feleslåtten på mobil.

et er godt merka stig til toppen, Gøysen, 1369 m.o.h. På vegen oppover kjem du forbi Karlstaul, ein gamal staule under Venås. Stigen går vidare opp til Listaul. Her er det eit vegskilje, med skilt både til Gøysen og til flyvraket ( det amerikanske).

På Gøysen har du eit flott rundskue, m.a. til Gaustatoppen. Her kan du skrive namnet ditt i postkassa. Herfrå er det merka til Nordnibba. Det er ein fin tur over «ryggen» forbi Tvitjønnan, ned Finndalen, Høna og til Bygdardalen nedanfor Sundsbarm.

<b>Flyulykkene på Skorve.</b>
Seljord fekk òg merke den tyske okkupasjonen. Det skjedde fleire alvorlege episodar, bl.a. opprullingar og arrestasjonar, men i ettertid vil nok flystyrtane på Skorve bli hugsa som det mest dramatiske.

Den fyrste ulykka skjedde 9. september 1944. På den britiske RAF-basen Leuchars nord for Edinburgh tok eit bombefly, B-24 Liberator, av med kurs for Noreg. Om bord var det eit mannskap på 11 amerikanske soldatar, med John O'Hara, 22 år, som sjef. Flyet var lasta med våpen og utstyr til heimestyrkane ved Hønefoss.

Flyet kom lavt over Nordsjøen, og ved 23-tida kom det inn over Seljord. Det heldt ei høgd på ca 1300 meter. Ved Langfjellhaddin sør for Gøysen stikk ein bratt fjellvegg opp. Flyet slo rett inn i fjellveggen med ein frykteleg smell, og flammene blussa opp av bensin og olje som tok fyr. Alle soldatane omkom på staden. Kva var årsaka til styrten? Noko endeleg svar har ein aldri fått. Det er nemnt motorsvikt, instrumentfeil, tekniske vanskar eller nedising.

Nokre dagar seinare blei 11 seljordingar utkommandert til å gravleggje amerikanarane. Dei blei lagt i ei myr nedanfor styrtstaden. I 1950 blei soldatane gravlagt på ein kyrkjegard i St. Louis i Missouri.

I 1994, 50 år etter ulykka, blei det sett opp ei minneplate i ura der flyet styrta. Samtidig blei det avduka eit minnesmerke utanfor Granvin Kulturhus, laga av Ellen Grøstad. Her står både namn og alder på dei omkomne. Framleis kan ein sjå restar etter flyet i ura.
Det skulle bli meir dramatikk på Skorve. 16. oktober 1944 styrta eit tysk fly ved Hestnutan lenger inn på fjellet. Alle om bord, 13 tyskarar og to norske, omkom. Flyet var på veg frå Berlin til Oslo. Flytypen var ein Ju- 52, og bar namnet Herman Stache til minne om ein flykaptein som fall i 1940. Dei to norske var Milli Holthe,34 år, sjukesyster frå Levanger, og Kjell Andreas Marthinsen, 20 år. Han var frontkjempar, var blitt såra og var på veg heim. Far hans var Karl A. Marthinsen, sjef for Statspolitiet. Han blei likvidert av Heimefronten i februar 1945.
Flyet skulle lande på Fornebu, men kom heilt ut av kurs. Frå nordaust slo flyet inn i Hestnutan, ca 1270 m.o.h. Store delar av flykroppen og dei om bord blei slyngd eit godt stykke vekk. Delar av flyvraket blei liggjande i ei lita tjønn under toppen. Det tok tre døgn før flyet blei lokalisert.

Frå Flatdal blei 25 bygdefolk beordra til fjells saman med ei gruppe tyskarar for å bera ned dei omkomne. Det blei ein stri tørn ned dei bratte liene. Det var glatt , og mørket fall på. Frontkjemparen Kjell A. Marthinsen blei gravlagt på Vestre Gravlund i Oslo under full militær honnør. Tyskarane blei gravlagt på Ekeberg krigskyrkjegard. Urna etter Milli Holthe blei sett ned på Levanger kyrkjegard.
I 2011 sette Seljord Sogelag opp ei informasjonstavle på Hestnutan det flyet styrta, i samarbeid med Den tyske ambassade. Det er merka stig frå Manndal til Hestnutan, der ein framleis kan sjå restar etter flyvraket. Det er ein fin tur forbi Damtjønn, Jaspisfjellet, Bøkretjønn opp til flyvraket.

Praktisk info

Retning
rundtur
Sesong
Sommar
Stigkvalitet
3/5
Einsemd
4/5
Har du gode turtips?
Seljord
Telemark
fintur.no

Relaterte turtips

Næraste turar