Spådomsnuten

Kiveldalen, Seljord · 9 km · 1031 moh · 59.50016°N, 8.60762°E
FINTUR
← Turer
Spådomsnuten

Spådomsnuten

Kiveldalen, Seljord

↗ 9 km
⏱ 4 t
▲ 1031 moh
◆ 4/8
DagsturFottur7 - 9 km
Avgift

Vegen eller parkeringsplassen har avgift. Ta med småpengar. Enkelte tar kort og Vipps.

Værvarsel

Hentar vêrdata…

Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)

Kart og rute

3D
S Start M Mål Høyeste punkt Laveste punkt km Hovedrute km Alternativ rute ↕ m Stigning

Om turen

Spådomsnuten ruvar i fjellmassivet Skorve, og er lett å kjenne att frå Flatsjå-sida, der han stig bratt og markant opp frå landskapet. Dette er ein luftig og vill fjelltur som ikkje er merka – men dyretråkk og gamle stigar vil hjelpe deg store delar av vegen opp.

Du startar turen frå Kivledalen, og held deg mot lia oppover. Stien er utydeleg enkelte stader, men det er mogleg å finne fram for fjellvande turgåarar med auge for terreng og retning. Du vinn høgdemeter jamt og trutt – heile 634 meter opp – og blir til slutt belønna med ei makelaus utsikt over Skorveplatået, mot Flatsjå og vidare inn mot Vest-Telemark.

Litt nedanfor hovudtoppen ligg Spådomskalven (996 moh), ei bratt og utsett klippe som stikk ut i landskapet. Det går an å ta seg utpå her, men det er ikkje tilrådd – og må i så fall gjerast på eige ansvar og med stor varsemd.

Dette er ein tur for deg som likar urørt natur og utfordrande fjellterreng, utan nødvendigvis å følgje T-merka løyper.

Lengde: Ca. 7–8 km tur/retur
Tid: 3–4 timar
Høgde: 1030 moh (634 m stigning)
Terreng: Dyretråkk, sti, ur og snaufjell
Vanskegrad: Krevjande – umerka rute
Passar for: Erfarne turgåarar, eventyrlystne, dei som vil sjå Skorve frå ei ny side

Video (1)

Utpå Spådomsnuten

Turfortelling

Flodbølge

Flodbølge

På østsiden av Skorve ned mot Flatsjå er det en del av fjellet som kalles Spådomsnuten, eller Spådomsklaven. Og det sies at den dagen tre søstre fra Flatdal gifter seg på samme dagen vil denne delen av fjellet rase ut i Flatsjå. Andre sier at det skal skje når det har blitt by mellom Vallaråi og Bygdaråi. Da vil det bli skapt en flodbølge som skylder innover hele Flatdal og helt opp til Nutheim, ifølge sagnet.

Praktisk info

Retning
tur-retur
Sesong
Sommer
Stigkvalitet
4/5
Ensomhet
5/5
Har du gode turetips?
Seljord
Telemark
fintur.no

Relaterte turtips

Nærmeste turer