Telnesøy
Vêrvarsel
Hentar vêrdata…
Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)
Kart og rute
S Start
M Mål
▲ Høgaste punkt
▼ Lågaste punkt
km Hovudrute
km Alternativ rute
↕ m Stigning
Om turen
Telnesøy – nærtur med skjærgårdsstemning og sagn
Ikkje alle turar treng vere lange eller krevjande. På Telnesøy, like utanfor Seljord sentrum, finn du ein lett tilgjengeleg og variert rundtur som passar både unge og gamle – og til dels òg for rullestol.
Turen går på ein kombinasjon av skogsveg, stig, fri ferdsel og svaberg, og undervegs opplever du både skog, myk botn og ope landskap. Flere stiar er merka og rydda, og går på kryss og tvers over øya, så det er lett å lage sin eigen variant av turen.
Frå tuppen av øya får du nesten skjærgårdsstemning, med utsikt over Seljordsvatnet og små viker og svaberg. Ved Svartholbukta kan du ta ei pause og spekulere på om det kanskje er her Sjøormen ligg i vinterdvale?
Det høgaste punktet på øya heiter Langåsen og ligg 162 moh – ei stigning på beskjedne 48 meter, men likevel eit fint utsiktspunkt over området.
Turen er om lag 3 km i rundløype, og passar godt som ein ettermiddagstur eller sommarleg rusletur, gjerne med bading eller piknik.
Ein flott nærtur – midt mellom eventyr og kvardag!

Bilete (5)
1 / 5
Turbilder (7)
1 / 7
Praktisk info
- Retning
- tur-retur
- Sesong
- Sommar
- Stigkvalitet
- 3/5
- Einsemd
- 2/5
Har du gode turtips?
Seljord
Telemark
fintur.no
Telemark
fintur.no