← Turtips
Skorve har verkeleg mykje å by på. Midt i smørauge av Seljord, ligg Skorve omkrinsa av bygdene våre. Nå om sommaren er det gode turopplevelsar å hente her. Og mange tek seg ein tur på Skorve i løpet av året. Om ein vil på langtur, så kan ein gjere det med start frå mang ein plass. For eksempel frå Haugan i Kivledalen, som denne turen starta frå. Der er det god parkering og fin start om ein lagar seg ein rundtur ut av det. Turen gjekk opp til det Amerikanske flyvraket og vidare langs Langfjellhalli mot toppen av Hellbergli, for å sjå på kløftene nedetter fjellsidene der. Videre opp til nedre Tveittjønn og mellom fjellvatn til Nordnibba (1365 moh). Her har ein fantastik utsikt baketter mot Hestenutan nærast og heile området mot Brattefjell, Vindeggen og Gaustatoppen. Ein kan forsette videre og gå fram og bakom hytta på fjellvatnet. Få med seg liane over Bjørndalen før ein når stien att oppe ved øvre Tveittjønn. Derfrå gjeng det rett til Skorvetoppen (1369 moh) øverst på Gøysen. På seine sommardagar og solnedgang blir det soektakulære fargespel i blånane innover mot Vest-Telemark. Nedover att kan ein og gå innom tuftene på Listaul og ned traktorvegen. Alternativt er via Karlstaul. Turen er på omlag 16 km med over 1000 stigningsmeter, så ein må beregne 4-6 timar. Då får du med deg det meste av Skorve. Det bør ein jo.
Hans Inge Hagen