← Turtips
Øysteinnatten (1174 moh) er ein flott topp på Lifjell frå Bø-sida. Snoen er nesten borte. Bare nokon få skavlar å gå over eller rundt. Denne turen startar frå Jønnbu og klatrar 570 høgde meter, før du når toppen. Turstiane i Bø er som motorvegar å regne, i forhold til dei me er vant med i Seljord. Godt merka og umaugeleg å miste. Total lengde på turen er 10,5 km og noko krevande om du sett av for lite tid. Mange fine små fjellvatn og dalstrøk, bør kunne roe ned tempoet. Fin utsikt mot Røystalsnuten og Lifjell-platået. Og selfølgeleg majestetiske Gaustatoppen i det fjerne.
Hans Inge Hagen