← Turtips
Ein av pærlene i nærmiljøet her, er Raudbergnuten i Nordbygdi. Dette halvgøymte naturområde langt oppe mot Ubydalen har strålande utsikt over Seljord. Ein veldig artig vinkel inn mot sentrum og Seljordsvatnet. Gode vinklar til fjellområdet på Skorve, Mælefjell, Lifjell, Brokefjell og baketter mot Roholtfjell og endå lengre enn langt. Traktorvegen og stien opp frå Kodde er nesten heilt bar. Litt «snoøyer» ligg her og der i øvste del og gjer at ein må manuvrere seg rundt dei. Toppen av Raudbergnuten ligg rett under sjuhundremeter på 695 moh. Med ei lengde på rundt 5.2 km tur-retur og 400 høgde meter blir du varm i skrøtten.
Hans Inge Hagen