← Turtips
På seine sommarkveldar, uten regn og med tilnærma sesongens normale varme, kan det vera moro å stå og sjå på blånane frå ein av toppane. Grimaren er eit flott mål og ganske kort topptur på 1169 moh. Rundt 2,5 km kvar veg og med litt over 400 stigningsmeter er dette kanskje Lifjells friskus-tur. På Grimås er det stor parkering og striane er godt merka. Oppunder berget kan du velge å gå opp 3-4 plassar. Dess lenger bak, dess slakare oppstiging. Om du vil forlenge turen, så kan du og gå vidare til Røysdalsnuten bakom. Kveldsstemning mellom 20.30 og 22.00 oppe i fjellet, med temperatur på rundt 10 grader til slutt. Grimaren er eit «must» for turfolket i området. Fantastisk oversikt over Skorve og Mælefjell. Ikkje stor utsikt mot sentrum og litt skrått mot Flatdal.
Hans Inge Hagen