Raudbergnuten (695 moh).
Det er så mange fantastiske skogsturar i nærområdet. Mange har utsikt, som belønning for hard og tung stigning. Det har denne nuten, au. Den er ikkje så lang. Omkring 2 km med utgangspunkt frå Kodde og opp til toppen. Da med ei stigning på 385 meter. Her er det traktorveg som går over til gamal ferdselsveg. Ein kan tenke seg trafikken her i gamal tid. Når du kjem ca 1.3 km opp i lia, så bør ein gå ut mot kanten for å følge berga oppover. Snur ein seg og ser, så har ein ein ny og artig utsiktsvinkel over Seljord sentrum og oppover mot Nordbygdi. Bakom Raudbergnuten er det nå nyleg blitt skogsvergområde. Du ser godt over på Skogsodd og den markante toppen der. Raukleiv og Årnoteren er i full lengde. Elles, ser ein til Mælefjell og Lifjell med Bjørgefjell og Grunningsdalen. Bakom ser ein Ordalsåta, Kyrkjeberget og Ubyfjellet. Det er nesten bart. Litt sno i bakevja. I dag var det voldsom vind på toppen.