Til Mælefjell på ein av dei varmaste dagane i år.
Det er fleire vegar til toppen av Mælefjell og ein av dei «nye» er frå Slåka i Grunningsdalen. Då slepp du nøkkel til bom, slik det er på Flatdalsida. Ein gjeng over dei nye bruene og bort til Heimre Slåkastaulen. Derfrå er det sti oppover Londalen, før du skjer av og går opp dei bratte liene av Mælefjell si bakside. Det er vilt og spektakulært, med mykje steinar med vegitasjon i mellom. Veldig vakkert terreng. Mykje detaljar å sjå på i fjellformasjonane. Flott og spesiell utsikt mot Londalen, som får deg til å tenke på korleis dei dreiv der nede i det rasutsatte område. Etterkvar gjeng du i steinlandskapet mot toppen på 1413 moh. Denne turen blir 15 km lang og med ei stigning på over 900 meter, vil det fort ta 6-8 timar.