← Turtips
Finare blir det ikkje på Årnoteren enn nå! Varmt og myggfritt. Solas stråler i skogen bryt gjennom kvistar og knekk oppå steinar. Nærturane er fortsatt utruleg flotte nå før høgfjellet får gjort seg klart. År etter år er Årnoteren på sine 700 moh eit ynda turmål. Semi-lett med 290 stigningsmeter frå den nye parkeringa nede på Raudkleiv skianlegg. Det er omlag 2,5 km opp til toppen. Utsikten heil upåklageleg med utsyn til Skorve, Mælefjell, Bjørgenuten med Lifjell og oppetter mot Skogsodd. Her kan ein sitte lenge på benken å glo og nyte eit svalt vinddrag. Ein bør bruke 2-3 timer inklusive tur og pause. Totallengde 5 km.
Hans Inge Hagen