← Turtips
Snoen begynar å smelte over 800 moh. Bjørgenuten er snart farbar frå baksida opp frå Reinstaul-parkeringa. Men, det vil ta nokon veker til. Eller, så må ein gå på truger oppå eit halvråtten skarelag. Det gjeng, men noko slitsomt oppover frå hytta og opp til fyrste utkikkspunkt. Uansett, det er varmt i véret sjølv på ein tåkefylt dag. Det er 6.35 km opp og ned til toppen (875 moh) og det vil ta omlag 3 timar. 400 stignings meter. Alternativ rute er opp Bjørgestigen frå garden. Der er det heilt bart oppover.
Hans Inge Hagen