Sist gong eg kom att frå tur til Kolltveiteggi, møtte eg på ein kar i traktor. «Eg har vøre på tur» sa eg. «Det heve eg, au» sa han. Han la til at beina ikkje lengere var på lag og turen gjekk til Heivatn via ein privat skogsveg med traktoren. «Såg du Bjønnehiet, oppi der» sa han. Det visste eg ingen ting om, den gongen. Men, han ville ha vist meg. Olav (Svanheld) på Kolltveit var ein av dei trivlegaste karane ein kunne kjenne. Det gjorde eg. Eg er jo halvt Brunkeberging. Så, denne turen gjekk opp gjennom Bjønnehilia, med start nede frå krysset/brua i Åsgrend. Gjekk opp langs skogsvegen bakom Nyork og Vigdesjå før den gjekk inn nederst på jordet på Runningen. Deretter, var det bare oppetter. I grisgrent og til tider uframkomleg med kløfter og råtten sno. Men, det gjekk. Oppe på Kolltveiteggi (814 moh) er det utsikt til Hægefjell i vest, Morgedalsfjella i Nord, Skorve og fjella i Seljord i aust og Brokefjell og Seljordheii i sør. Slik ca. Om ein 2-3 veker er det flott for fottur hit. Lengda i dag var 11,2 km med ei stigning på 733 meter.