Nokon gonger må ein ut av bygdi på tur. I dag fekk eg meg ein skikkeleg langtur til Spafjellet i Tokke. Fantastiske område i Vest-Telemark. Veldig moro å oppleve at me heve det slik, der me bur. Rektig nok starta turen i Bykle, for så å gå inn i kåns fylke og kåns gode nabo; Tokke. Spafjell sitt høgaste punkt er på 1467 moh og krever mykje av turgåaren. Veldig mange mindre fjell å forsere og med ei total høgdestigning på over 1000 meter, sett seg veldig tungt i beina. Både opp og ned. Men, du verden for ein dag. For eit vær i oktober. 16 varmegrader på veg opp og over 5 på veg ned. Ja, det tek tid. Eg kom nedatt i svarte kvelden. 20 km og 6 1/2 time. Moro med hausten!