← Turtips
Astridnatten (1215 moh), Lifjell.
Dagar som denne, kjem ikkje rekande på ei fjøl. Turen gjekk via Ballongfararsteinen og opp lia mot dei fine stiane som gjeng på langs der. Flotte, fine detaljar i naturen. Kikkar ein seg om heile tida, så finn ein veldig mykje fint. Små bekkar, rare stuvar og flotte steinar. Lifjell er fint frå alle kantar. Frå Manheim er det fleire vegar opp bl.a. frå Ballongfararstein og frå Veslestaul. Desse liene i framkant er kanskje noko steile, men gjeng ein dei på langs, fram og tilbake oppover, så gjeng det bra. Det er også ein del høgdedrag og kullar, ein kan snu seg på, for å sjå utover mot Bøslettene, Øverlandsheii og Seljordheii. Litt av Seljord får du au med deg. Det er meir en 670 høgdemeter å klatre og rundt 10 km om ein tar ein god rundtur. Dagar som dette må ein bruke!
Hans Inge Hagen