← Turtips
Heimveglinuten (1173 moh) via Vidsyn, Vierli på Rauland. Det kan vera lurt å koma seg ut av bygdi, for å sjå korleis proffane gjer det. På Rauland heve dei drive turløyper i ein mannsalder og her gjeng det millionar (ti-tusenvis, ihverfall) av turgåarar kvart år. Turen starta ved Vierli kaffeteria og me gjekk opp skibakken til Visyn-skulpturen på toppen. Det er rundt 1 km. Me gjekk videre til Heimveglinuten like bakom. Fin tur med panoramautsikt over det heile. Total lengde 6,65 km og 432 høgde meter. 2 timars familietur.
Hans Inge Hagen