← Turtips
God kveld, Årnoteren! Varmt i véret og nesten fullmåne. Denne korte nærturen er heilt super, nå om hausten. Masse lydar og gode skuggar, lagar eventyr! I skumringa skjer det. Alt kjem til liv og ein møter tussar og trøll inne i skogen. Turen er merka og gjeng frå Raudkleiv opp via skiløypa. Vidare opp myrdraga til stikrysset ved Havretjønn. Der gjeng ein til høgre og bort til Årenotratjønni. Den gjeng du forbi og opp etter skogen og berga, i framkant av toppen. Oppe på toppen heve ein flott utsikt på 700 moh over Seljord. Det er bare ca 2.7 km kvar veg. Så eit par tre timar er ypperleg tidsbruk om du vil sitte på benken å sjå ei stund!
Hans Inge Hagen