Ut i skog og hei. For ein fin haustdag det blei. Rektig temperatur på 8-10 grader, lett overskya med solglimt og totalt vindstille. Området frå Dyrlandsheia over Gaupetjønn opp til Tarbjørnstjønn. Utruleg flott skogsterreng. Vidare mot Fugleskortjønni og opp på Nystaulnuten (911 moh) med utsikt over Åmotsdal i begge retningar. Ned derfrå til Fugleskori med tuftene der. Vidare opp nutane mot via Svarttjønn og myrane mot Finnebu. Der besøkte eg min gode barndomsvenn Leidulf Dyrland, som har denne fantastiske plassen. Nista, kaffi og god prat, før eg kom meg ned att til Sletteva og heimatt til Vetrhus. 15 km lang skogstur. For ein lyd og for ein følelse. Kan ikkje bli bedre. Dagen gjekk med.