← Turtips
Skogstur til den perfekte utsikt.
Brennmonuten er nå kjent for dei aller fleste. Det er ikke så rart , med denne utsikten du heve herfra. Det er ikke langt opp til toppen i frå vegen. Omlag 1,3 km. Men, det er noko bratt på gamal skogsveg. Eller, så kan ein gå opp Oredalen (gamalt høgstfelt på andre sida). Der finn sin også tuftene av Skaret, ein gamal husmannsplass. Der er det bare grunnmurene att nå, men ein kan tenke seg livet her i gamal tid. Med utsikt mot Skorve, Sinnesodden og Seljordsvatnet der nede. Oppe på toppen, så sit du på svaberg og føler nesten at du er utabygs eller litt utanlands .. kanskje får du ein orientalsk følelse, når du ser utover. «Bonsai»-tre, uvante svabergsformasjonar og Skorve med strøssel på. Nå i desse omkjøringstider (ferdig 7 mai), så er det ikke lett å parkere. Nederste del er privat og avgrensa, så du må finne deg ei lomme ved vegen, eller så må ein parkere på Telnessanden Camping (50,-) og utvide turen med 2-3 km. Det gjeng fint ann. God tur!
Hans Inge Hagen