← Turtips
Hattefjell på ein fin fredag.
Nært og kjært område for oss i Seljord. Denne turen kjem til å bli godt brukt i år. Og mange har allerede vøre her. Møtte fleire trivlege folk. Folkehøgskulen hadde vist også finne fram i dag. Det er neste bart, men ikkje heilt. Heldigvis bar skaren godt. Litt vind på toppen og -2 grader. Men, med vindjakke er det bare godt. Denne turen er kort, men bratt. God som ei treningsøkt for dei som treng å få pulsen opp litt. Mykje moro å sjå på. Skjervåi med fossen der, ser ein godt ca halvegs oppe i skogen. På toppen av Hattefjell heve ein utruleg flott utsikt over Seljord sentrum. Men, også mot Skorve, Seljordsheii, Lifjell og Grunningsdalen. Moro å sitte å sjå på alle plassane ein heve vøre på tidlegare. Bjørgenuten ser ein nesten rett bort på. I morgon er det fint vær. ☀️ Turvær, altså. God helg!
Hans Inge Hagen