Bratt tur frå Tosand (ved Seljordsvatnet) og opp til To (Tho frå gamalt av). Dette er ein kjempefin tur for dei som vil trimme i motbakkar og nyte utsikten oppe på den vakre plassen To. Denne turen har ca 450 meter stigning på god tursti/turveg. Mange flotte plassar å sjå under vegs, som fossen i Lindalsbekken og husmannsplassen Skaret.