← Turtips
Strondefjellet frå Århusmoen. Ein kan sjå dette flotte berget hengande over Flatsjå på østsida. Vel, det er ikkje så lett å sjå, for ein må gå 4 km nesten rett opp. Altså, 700 høgdemeter opp langs skogsvegen frå Århus/Skyttarbanen til Århusnuten. Derfrå er det sti frampå berga før ein gjeng inn att på vegen. I enden gjeng ein vidare mot kanten. Dette er kanskje den finaste utsikten ein kan ha på denne tid av året. Alle detaljane i Skorveveggen, som ein til dei grader, kan studere herfrå. Tettar på kjem du ikkje Spådomsnuten, foruten å vera der. Snoen som smeltar, bit for bit, på toppane på Grimås, Såta, Gøysen, Brokefjell og fjella i Brattefjellområdet. Eit fantastisk skue i alle retningar. Til sommaren kan ein gå vidare mot Doktorhytta, rett oppafor, og mot Rustjønnan. Knallfin tur, men ein må få snoen vekk fyst. Tek nokon veker.
Hans Inge Hagen