Fjellvåken skrik og ber seg. Fisken vakar i hundretall. Skogen yrer av liv og veks i varmen. Ein lang og slitsom tur oppe i Piggnutan og Bjønnkjerr i Dyrlandsheiane i Åmotsdal. Villt og vakkert. Både nært og langt frå folk. Kikkar ned på hytter og staular, uten å bli lagt merke til og uten å vera «ståker». Å vandre rundt i ulendt terreng er krevande, men veldig spennande. Du veit aldri kva du støtar på. Plutseleg, så ser du noko. Dyr eller blomar, du ikkje har sett makan til. Lydar og skrik, ein bare finn her ute. Ingen hinder, bare friluftsliv på sitt aller, aller beste.