← Turtips
Når eg er så heldig å få vera med på tur med 6 og 7 klasse, så føler eg meg veldig priviligert. Skitur frå Skinnarbu ved Møsvatn til Sudbø i Åmotsdal. Ein lang 16,7 km tur, som me tok på 6 timar. 4 varmegrader, noko vind og strålande sol for det meste, gjorde turen veldig bra. Eg syns det er kjempeviktig at Seljord skule og Flatdal skule tek denne turen år etter år. Det er viktig for samholdet i kommunen. Elevane blir kjente med kvarandre før ungdomskulen. Alle klarte dei fysiske anstrengelsane med glans. Til og me fekk me sett ein reinsflokk lang oppe i fjella. Dette er ein god start på ei aktiv ski-påske. Nå gledar eg meg. Tusen takk for turen til alle!! ☀️🐣
Hans Inge Hagen