← Turtips
Ute ved Sanden Camping, gjeng det ein flott turveg oppetter lia mot Manheim. Det er bratt, og mykje puls, på veg opp langs traktorvegen til Kåsi og vidare opp til saga på Manheim. Så kjem ein inn i eit bondelandskap av den vakre sorten. Blomar og nyslåtte jorde på Strand-gardane. Kyr på beite og grøne vekster på rad og rekke. Fantastisk flott turveg, der ein gjeng på grus nesten heile runden. Totalt 5 km rundtur. Med 230 tunge høgde meter å jobbe med. Nede ved Riksveg 36, kryssar ein over ved buss-stoppen, og fylgjer stien tilbake til Sanden Camping. Ein god tur for campinggjester og for lokalfolk, som ikkje har oppdaga dette området endå. Turkart ligg i Fintur-appen
Hans Inge Hagen