← Turtips
Blåveisen har kome til Blåveisstien. Brua står støtt og Steinstolen ventar. Våren er ei fin tid. Då vaknar mange av kån frå dvalen og tursessongen kan aktiverast fullt ut. Tidleg kom den, og det er godt for alle dei flotte nærturane me har her i området. Blåveisstien gjeng frå Vefall (eigen parkering) oppafor skjeringa etter tunnelen ved Heggeneset. Langt og fint strekke fram til den nye brua over Djupsåi. Der kjem ein nå lett over og stien vidare opp bakkane er rydda. Heit fram til Steinstolen. Super tur nå i denne perioden me er inne i. 7,5 km fram og tilbake
Hans Inge Hagen