Brattefjell på sitt beste om vinteren. Vindstille, strålande sol, godt skiføre og påske. Då heve det meste felle på plass. Frå parkeringa på Kopperoe (som forøvrig var full av bilar) gjekk turen forbi Sletteva og opp til Småtjønn. Derfrå til Krakset og vidare opp til Raudåi og Svain. Områda her er så store at ein nesten ikkje ser folk. Kun nokon snille og hyggelege kjentfolk, her og der. Seljords største verneområde ligg her inne. 15 km fram og tilbake.