Når ein er over 900 år gamal og vøre døyande i 300 år, så er det vel ikkje så rart, at ein er trøtt og sliten. Fylt med merke, hakk og møse. Bark og bartar i lange drag oppetter kroppen. Gamal og stolt. Klok av erfaring og vitne til så mykji. Øverlandseika er ein gigantisk kjempe langt inne på Øverlandsheii. Den er altså eldre enn Seljord kyrkje frå 1180 - tidleg middelalder. Heve du ikkje besøkt den endå, så bør du gjere det i sommar. Mange av slektningane gjekk med i stormen i haust, så det er vel kanskje ein grunn til av kjempen heve klara seg i alle desse åra. Kjør til Trollbotn og parker ved bommen der i starten av vegen på venstre side. Eika ligg 2 km oppi dei gamle slettene der dei tri Øverlandsgardane ein gong låg. Du finn ikkje meir at av dei, men du ser og føler jorda og hulvegane i terrenget. Ta deg au ein tur innom den store furua på venstre side (1 km fra bommen) inne i furuskogen der. Den er beregna til å vera rundt 10 kubikk. Tri mann for å nå rundt. Dette er ein spennande tur for dei aller fleste. (Du finn turen i Fintur-appen)