Når det er tåke i høgda, kan det vera godt nok å gå i låglandet. Ein tur rundt Sundsbarm er ypperleg. Frå Brøløs bort Prestegardsvegen til Sundsbarm og gangvegen tilbake via Vallarbroi og nedom Ringlandet. Ein får nesten Provance-vibber av den flotte nye eplehagen på Åkre. Veldig spennande og vakkert prosjekt, dekkon driv med der! Kulturlandskap me ikkje har hatt så mykje av før, oppi her. Ellers, er det stor vassføring i Vallaråi og mykje markjordbær i vegavreita.