Måtte brått til doktoren i dag .. opp på Dokturhytta over Strondefjellet nedanfor Såta. Oppe i det vakre terrenget i dalen på Listaul. Det er brutalt bratt oppover frå Skyttarbanen. Men, traktorvegen er flott å gå på. Den er nå forlenga og grusa opp (skjønnar ikkje at dei får det til. Dyktige folk) nesten fram til hytta. Utsikten mot Skorveveggen er den flottaste du kan finne. Strondefjellet sine flate svaberg med furutre mot dei snødekte toppane på Skorve på andre sida. Magisk. Ein kan site å studere kvar ein sprekk og kvar ei hylle i fjellveggen der. Dette er ein lang og strevsom tur. 10,5 km med ei stigning på nesten 1000 meter.