Bindingsnuten
T
Vêrvarsel
Hentar vêrdata…
Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)
Kart og rute
S Start
M Mål
▲ Høgaste punkt
▼ Lågaste punkt
km Hovudrute
km Alternativ rute
↕ m Stigning
Om turen
Bindingsnutn – lett tilgjengeleg topptur med ny tilrettelagt sti
Bindingsnutn er eit populært og lett tilgjengeleg turmål i Flatdal, og no er det etablert ein ny og flott tilrettelagt sti frå Nuteim. Denne nye løypa slyngjer seg oppover fjellsida og koplar seg etter kvart på den eksisterande stien vidare mot toppen. Turen er godt merka og har solid underlag, men kan opplevast som bratt i starten, særleg for barn og eldre. Ta tida til hjelp – utsikta kjem fort!
Når du har kome opp på den første flata, går turen vidare i lettare skogsterreng med slakare stigning. Herfrå er det fin og variert vandring fram til sjølve toppen, der du får flott utsikt over Flatdal og fjellområda rundt.
Alternativ rute:
For dei som ønskjer ein rolegare start, kan ein følgje traktorvegen heilt opp på flata før ein koplar seg på stien vidare mot toppen. Dette gir ei mjukare stigning, men er noko lengre.
Turtips:
– Hugs gode tursko – særleg viss du går den bratte varianten.
– Fin tur for både mosjon og kvardagsturar, men ta omsyn til stigninga i starten.
– Passar godt for familiar, men dei yngste kan trenge litt hjelp i bratta.

Bilete (11)
1 / 11
Video (1)
Bindingsnuten - toppen
Turbilder (4)
1 / 4
Praktisk info
- Retning
- tur-retur
- Sesong
- Sommar
- Stigkvalitet
- 3/5
- Einsemd
- 5/5
Har du gode turtips?
Flatdal
Telemark
fintur.no
Telemark
fintur.no