Bjørgenuten
T
Avgift
Vegen eller parkeringsplassen har avgift. Ta med småpengar. Enkelte tar kort og Vipps.
Værvarsel
Hentar vêrdata…
Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)
Kart og rute
S Start
M Mål
▲ Høyeste punkt
▼ Laveste punkt
km Hovedrute
km Alternativ rute
↕ m Stigning
Om turen
Bjørgenuten – Seljords mest populære utsiktstopp
Bjørgenuten er kanskje den mest besøkte toppen i Seljord – og det er ikkje utan grunn. Frå toppen får du eit storslått utsyn over Seljord sentrum, Seljordvatnet, Dyrskuplassen og fjellområda rundt. Dette er ein tur mange finn vegen til, både lokalfolk og tilreisande.
Turen startar frå parkeringa ved Reinstaul, langs vegen opp mot Bjørge. Derfrå følgjer du ein traktorveg inn i Borkebudalen, på baksida av Bjørgefjell. Etter kvart går turen over til sti, og her byrjar stigninga for alvor. Det er nokså bratt på enkelte parti, så ta deg god tid – det er lov å puste!
Stien mot toppen er godt merka og mykje brukt, og gode stitråkk gjer det lett å finne fram. Det finst fleire ruter opp til Bjørgenuten, men den vanlegaste løypa er både trygg og oversiktleg. Ver merksam på at delar av stien ligg i ei lun “bakevje”, og kan vere snølagt til langt utpå våren, særleg etter snørike vintrar.
Bjørgefjell har fleire små toppar og utkikspunkt i området rundt, så det er verdt å setje av litt tid til å utforske – her er det både rolege rasteplassar og skjulte perler med fantastisk utsikt.
Turtips:
– Turen passar for dei fleste med litt turglede og kondisjon.
– Kle deg etter vêr og årstid – det kan vere kjølig på toppen.
– Hugs kamera – utsikta er noko for seg sjølv!

Bilder (2)
1 / 2
Video (2)
Bjørgenuten - turen opp
Bjørgenuten - toppen
Turbilder (3)
1 / 3
Praktisk info
- Retning
- tur-retur
- Sesong
- Sommer
- Stigkvalitet
- 2/5
- Ensomhet
- 3/5
Har du gode turetips?
Seljord
Telemark
fintur.no
Telemark
fintur.no