Lifjell 18-L3/3

Grimås, Seljord · 23 km · 1197 moh · 59.51175°N, 8.71067°E
FINTUR
← Turer
Lifjell 18-L3/3

Lifjell 18-L3/3

Grimås, Seljord

↗ 23 km
⏱ 8 t
▲ 1197 moh
◆ 5/8
LangturDagsturOrganiserteFottur

Værvarsel

Hentar vêrdata…

Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)

Kart og rute

3D
S Start M Mål Høyeste punkt Laveste punkt km Hovedrute km Alternativ rute ↕ m Stigning

Om turen

Organisert tur: Lifjell på langs. 29. september 2018 kl 08:00

Løype:
Grimås (Seljord) - Tjorbuvatn - Hollane - Øysteinnatten (1174 moh) -Jønnbu (Bø)

Beskrivelse:
Det er lagt opp til ein fin haust -tur over Lifjell. Vi startar frå Grimås i Grunningsdalen i Seljord. Alle blir køyrt opp med buss i frå parkeringen på Eventyrøy Stadion (idrettsarenaen). Den fyrste strekka fra Grimås gjeng i bratt tereng opp det gamle skianlegget (eller parallellt med). Oppe på toppen (ca. 1 km) flatar terrenget seg ut og me gjeng i lett område på sti. Me passerar Tjorbu og går i rettning mot Hollane. På hollane tek me ei pause, før me gjeng vidare mot turens høgaste punkt på Øysteinnatten (1174 moh). Me gjeng så nedover dalen mot Jønnbu der bussen ventar på oss og kjører tilbake til bilane ved parkeringen på Eventyrøy i Seljord.

Kjentmann: Eilev Bjørge

Organisator og turleiar:
Hans Inge Hagen

Kven er turen for:
Voksne over 16 år. (Barn fra 13 år kan bli med i følge med voksne)
Turen er krevende og lang, så ein bør vere i god form.

Betingelsar for deltakelse:
1. All deltakelse på turen skjer på eget ansvar.
2. Deltakarane bør ha reiseforskring.
3. Me må avlyse turen om det blir kraftig nedbør, jukk tåke eller om kjentmann/førar blir sjuk
4. Avbestilling sendast på mail til hansingehagen@me.com

Distanse:
ca 23 km

Beregna tidsbruk:
8-9 timar

I sekken:
Ein må ha med seg rikeleg med mat. Ein del drikke fra starten av, men det er påfyllingsmogelegheitar opp i vatna.
Ladar til mobilen, gnagsårplaster,

På kroppen:
Kle seg etter forholda. Det er ein lang tur og veret kan brått snu. Vindjakke og ei ekstra tørr t-skjorte og sokkar, kan vere bra å ha med seg.

På beina:
Dette er ein lang tur, så her bør ein gå med godt bruka sko og gode sokkar.

Video (2)

Lifjell tur

Lifjell fottur

Turfortelling

Fredarhaugen ved Slåkja på Lifjell

Fredarhaugen ved Slåkja på Lifjell

Fredarhaugen er i nærleiken av Slåkja på Lifjell.
Ein gong var det ein mann der i nærleiken som gjekk på fjellet. Best det var såg han det kom ein mann nedatil dalen, og han bar på eit feleskrin. ” Dei kom til å stå og prate eit bel. «Nei, eg har nok ikkje tid til å stå her å prate, eg» sa spele-mannen, «eg skaâ`te Fredarhaugen å spela gjestebu, å nå ser eg dæ kjem folk.» «Eg ser ikkje nokon, eg» sa den andre. «Ta hatten å sjå igjenom den så ser du a folk» sa framankaren. Ja, hin so gjorde, og da såg han det kom folk i flokkevis, både gåande og køyrande, til haugen.

Tussekyrkjegarden ein stad på Lifjell

Tussekyrkjegarden ein stad på Lifjell

Ein stad på Lifjell, på nokre håv der bortover ved Gurosro, er ein heil mengd med små haugar, det er som ein liten kyrkjegard. Det heiter at det skal vera ein tussekyrkjegard.

Det var der ved nisse-kyrkjegarden Halvor Stavsholta møtte huldrebrudferda ein annandag jul. Han, gjekk bort over håva der på ski, og so møtte han brått ei stor, drusteleg brudferd so fin og staseleg at det blenkte og skein av henne lang leid.

Tusseri på Lifjell

Tusseri på Lifjell

Det var ein bøhering som reiste på Lifjell og vilde lauve og kannhende au finne litt mosa.
Det var etter krossmess og folk og fe hadde longe sidan flutt ned frå stulane som vers skulde. Det regnde og var kaldt og kulse og hustre og haustleg i høgd og heiar. Mannen hadde med seg lauvkniv og kjesse. Leid mot kvelden kom han fram til ein stule. Det var so seint at mannen syntes han laut leggja seg til der for natta. Han rokk ikkje meir den dagen, hokke som. Han låg i bua der om natta. Han sovna, men vakna av at ei loden hand blei dregen over andletet hans. Han kvokk og blei fælen. Han lika ikkje den kjælinga. Han flaug opp i mørkret og famla, trivla og treiv fyre seg til han fann fyrasken. So rispa han av ei stikke, men såg ingen ting. Han var mon spek aleine. Og uhyggeleg var det. Han la seg på senga og låg og røykte eit bel. So dorma han av og dubba i. Han vakna i at det grov og kara fram i gruva. Det var som det skara elden eller kara gløane. Det flytte og rusla med stolar og gjekk i døra og rusla att og fram på golvet. Det tok til å bli nifst. So visste han ikkje av mannen før den lodne handa kom att og fór over andletet hans. Han opp, reiv lemmane frå vindauga so ein ljoske fall inn i bua. Da såg han at det fór noko svart tvert over golvet og ut igjenom døra. Men døra var attelæst og stengd innanfrå. Mannen la seg att og sea såg han ingen ting.- Alt var roleg og kurt.

Udyr - Bjønn på Lifjell - Historie

Udyr - Bjønn på Lifjell - Historie

Ei gamal kone fortel:
Bestemor gjætte på ein stule på Lifjell som heitte Myrgvarv. Ein dag kom bjønnen stoms over ho. Skrubben kan dei skrike på, han gjer ikke noko av det, men bjønnen toler ikkje at dei skrik, og ho hadde skrike. Så stod bjønnen på bakbeina imot bestemor. Da var ho redd. Men så bad ho:

Kjære vene bestefar ver snill å ens meg ikkje.

Så stod han å lura litt, så snudde han, men kom imot ho att. Kuene hadde teke ut, men ei ku stod att, ho ville ikkje skilja selskap, fløtte seg ikkje. Bestemor bad bjønnen fint fleire gongur og tilsist snudde han seg og rusla frå ho. Da kan du tru ho var glad. Da fekk ho sjå at det er noko i det dei seier at bjønnen har ti manns styrke og 12 manns vit.

Praktisk info

Retning
enveis
Sesong
Sommer
Stigkvalitet
3/5
Ensomhet
5/5
Har du gode turetips?
Seljord
Telemark
fintur.no

Relaterte turtips

Nærmeste turer