Svafjell

Brattefjell, Åmotsdal · 19 km · 1406 moh · 59.66034°N, 8.45982°E
FINTUR
← Turer
Svafjell

Svafjell

Brattefjell, Åmotsdal

↗ 19 km
⏱ 5-6 t
▲ 1406 moh
◆ 6/8
ToppturLangturDagsturFottur9 km +Brattefjell
Avgift

Vegen eller parkeringsplassen har avgift. Ta med småpengar. Enkelte tar kort og Vipps.

Værvarsel

Hentar vêrdata…

Kjelde: Yr.no (Meteorologisk institutt)

Kart og rute

3D
S Start M Mål Høyeste punkt Laveste punkt km Hovedrute ↕ m Stigning

Om turen

Brattefjell (1540 moh) og Svafjell (1406 moh).
Å gå innover dette landskapet i naturvernområdet Brattefjell/Vindeegen er reine luksusen. Når varmen er på plass og soli ikkje vil gå ned, så er det ekstra stas. Uten mygg og litt vind er og noko ein foretrekker. Denne turen gjekk fra Småtjønn (i enden av Heiåivegen) og inn mot Svain. Det er ein 5,5 km flat gåtur langs Heiåi. Bekkebrus og fuglekvitter. Få Svain og Steinstaulen gjeng stien bratt oppetter mot Geitekyrkja,d er ein begynar den tunge klatringa opp til toppen. Det er ikkje mindre en 400 høgdemeter å jobbe med. På veg oppover bør ein sjå seg bak og nyte utsikten mot Vindeggen og Gaustatoppen. Robakk og Mefjell. Fantastisk vakkert. Nesten litt for nasjonalromantisk til tider. Oppe på toppen av Brattefjell på 1540 mot er det eit platå med mykje raudstein. Full utsikt i alle retningar. Og Seljord kommune sitt høgaste punkt. Turen tilbake gjekk via Svafjellet, som og bikker 1400 meteren. Mykje stein og flotte kuperte dalføre. God utsikt ned i vakre Grotvassdalen. EIn peikar seg inn på Geitekyrkja (Storstein der nede) og gjeng i fri terreng ned mot den. Derfrå er det 8 km tilbake. Totalt lengde 24 km med over 1000 stigningsmeter. Denne langturen må ein beregne 6-8 timar på. Godt mål for ferien.

Video (1)

Brattefjell og Svafjell tur

Praktisk info

Retning
tur-retur
Sesong
Sommer
Stigkvalitet
3/5
Ensomhet
8/5
Har du gode turetips?
Åmotsdal
Telemark
fintur.no

Nærmeste turer