Lang påsketur på tampen. Mælefjell. Turen i dag gjekk frå skytebanen på Århus. Traktorvegen oppover derfrå er bratt. 200 høgdemeter per km. Sving på sving oppover. Fyrste stopp på Århusnuten med flott utsikt mot industriområdet nede i bygdi, mot Lifjell og Skorve. Vidare oppover mot Strandfjellet. Her har me ein utsikt mot Skorvesida, som er heilt fantastisk. Tenker på telting her til sommaren. Videre oppover lia mot Såta. Den markante nuten, ein ser så flott frå Brøløs. Gjekk innom Doktorhytta (ligg omtrendt mitt over Mælefjelltunnelen), der det blei ein rast. På toppen av Såta på 1154 moh var det -7 grader og full storm (30 m/s minst). Gjekk vidare bortover mot Langtjønnane og oppå nuten der (1282 moh). Gjekk nedover mot Rustjønnan og frampå nutane mot bygdi. Ufatteleg vakkert. For eit område. Er dette kommunens flottaste turområde? Turen på 5 og 1/2 time over 21 km og med ei høgdestigning på over 1500 meter (kuppert terreng) var heilt maks. Skaren bar veldig godt. Gledar meg til sommaren. Da kjem eg tilbake hit .. med telt. Magisk utsikt heilt til Gaustatoppen, Vindeggen, Brattefjell, Hestenutan, Nornibba og heile Skorve-ryggen bortover.