Mørkedalsnutane (874 moh), Lifjell
Det er mange flotte utsiktspunkt i Seljord. Fram på Mørkedalsnutane finn ein kanskje ein av dei aller flottaste. Å sjå Seljord frå denne vinkelen er fantastisk. Det er veldig mange måtar å koma seg hit på. Den enklaste er kanskje opp Borkebudalen og vidare derfrå. Du kan også gå frampå frå Tvitjønanne ved Grimås. Eller, du kan gå frå Buktibakken eller frå Veslestaul via Fisbu og Heiersdal på Manheim. Om du er sprek kan du ta turen få vegen ved Tosand, slik Torje Lindsøl frakta materialen til hytta si - Liebu - i 1944. Desse gamle stiane er meir eller mindre att grodde. Men, det er mykje dyretråkk.