Brattlinuten og Knurrlinatten, høyrest mest ut som dei to bortskjemte ungane til Brattefjell. Men, dette er to respektable ungdommar, på henholdsvis 996 og 1053. Meter over havet, altså. Brattlinuten ligg i ytterkant av verneområdet. Mens, Knurrlinatten har grine seg til ein plass, godt inne i Brattefjell/Vindeggen landskapsverneområde. Eller Naturreservat, om du vil. Eller endå tøffare; Nasjonalpark. Forøvrig, Seljord største på heile 381,9 kvkm. Her er naturen stor og synet spektakulert, med utsikt til Gaustatoppen og resten av toppene i mils omkrins. Du kan kjøre opp Heiåivegen frå Åmotsdal til parkering på Kopperobakken. Eller, så kan du gå frå innerst i Svartdal og opp Minnesjorddalen. Fantastiske fjellområde med mykje å sjå på.