← Turtips
Oh, kjære Skørve! No sklir vinterdrakta av deg, sakte men sikkert. Vide kløftar, friserte bakkar og nakene berg, kjem til syne. I all si prakt. Kva kan du tilby i sommar? Slepp du kån til blir sommaren vakker! Skorve med Gøysen, er noko av det kjæraste me heve i Seljord. Godt sentrert, geografisk i kommunen, er det mange vegar til toppen. Den mest brukte er frå Haugan nede i Kivledalen, der det er god parkering (20,-). Likar du bratte og utsikt, så er dette turen å ta i sommar. Det gjeng skogsveg med veldig bratte parti opp til Karlstaul. Derfrå god sti til Listaul og «krysset». Gjeng ein rett opp, så er du på veg til topps (skiltet heve fått seg ein skrell i vinter, så det må me fikse på). Når du kjem gjennom viene oppe i bakken, er det ope landskap med sildrande bekkar, steinrøyser og flotte berg. Og, ja. Det er mykji stein. Husk at det er lengere, enn du trur. Litt under mila opp og ned. Skorvetoppen ligg på 1369 moh.
Hans Inge Hagen