← Turtips
Bjørgefjell og Geitekyrkja
Bjørgefjell har så mykje å by på. Med 26 grader og strålande sol, er varmt i skogen. Vegen opp Borkebudalen endar opp ved Rognestaul i toppen av Raudjuv. Der finn ein bare att restane med grunnmur og pipe. Men, herfrå kan du gå opp lia til den tredje nuten og så ned i Geitekyrkja på framsida. Ikkje så lett å finne, men om du fyrst gjeng på toppen av nuten og så peilar deg inn mot steinura nedunder, så finn du den nok. Denne gamle krystallhøla manglar krystallar, nå. Men, før var den full. Mange har nok mindre eller større krystallsteinar liggande på verandarane sine rundt om i bygdi. Herfrå, kan du gå over dei andre nutane og ende opp på sjølvaste Bjørgenuten på 875 moh. Som, så veldig ofte nå, så er der triveleg å møte på mange turfolk!
Hans Inge Hagen