Nupsredet (1362 moh). Haukelifjell, Ryfylkeheiane.
Når ein fyrst skal på tur utafor Seljord, så kan ein vel kanskje utafor Telemark, au .. så vidt. Oppe på Haukeli heve ein Store Nup og Vesle Nup, sist nevnte er innafor fylket. Me gjekk opp frå «der dei sel geitost» på slettene før Haukeli-tunnelen. Dette er eit vanvittig flott område. Nupsdalen er lang, vill og vakker. Gjeng du oppetter stien ved Nupshallene, kjem du til vesle Nupstjørna. Vidare gjeng du i ein konkav «U»-forma dal, mellom Verjesteinsnuten og Store Nup. Heilt opp i enden er du etter 4-500 høgdemeter over 6 km. Oppe i Nupsredet kan du sitte å glo på Norsk natur på sitt ypperste. Du kan også gå vidare frampå Store Nup, men det er ein lang tur med opp-og nedstigning. Det er fint på Haukelifjell like før snoen og uværet fell på plass.