← Turtips
Med fjellgeiter til Sinuberg i Kivledalen.
Eg var så heldig å få Olav, Sigrunn og Gunhild til å vise meg vegen til Sinuberg oppe i liane under Skorve. Start frå vegen i Kivledalen. Der heve dei rydda og jobba fram att dei gamle vegane og stiane. Her er det bratt. Ein gjeng til Langeberg og opp til Nordigardsfjellet før du kjem Sinubergskøri. Til slutt endar på Sinuberg. Det er kanskje ikkje så uframkomeleg, som det kan sjå ut til. For her er det gamle gardsvegar, frå tida dei samla inn høy og fór til husdyra. Det var sletter og enger, langt opp mot bergveggane under Såvestaulnuten, før i tida. Løypestrengene ligg der den dag i dag. Turen opp er på omlag 2 km, men med kraftig stigning på rundt 350 høgdemeter og gjer den noko brysam. Det er absolutt ikkje for alle. Men, ei utfordring til dei fleste. Turen gjeng opp til berget på sletta ved Sinuberg. Der er det godt utsikt mot Kivledalen og skrått mot sentrum. Du ser rett over til Skuggefjell og mot Tjønnstaul på andre sida. Tusen takk for turen. Dette er lokalhistorisk kjensle på sitt aller beste. Kivledalen har så mykje natur, historie og ikkje minst trivelege folk!
Hans Inge Hagen